Kjære Kirsten.
Det er trist og vemodig, at du ikkje lenger er blandt oss.
Nok ein " merkestein " i livet mitt er ikkje lenger der. Ein etter ein har dei gått bort, desse som var så viktige, dei som bar historien vår og var rammene om liva våre.
Me set att med ei vemod og ei sorg, men og ei takksemd for alt det du var .
Du sparde deg aldri. men gav så mykje av deg sjølv, det viktige for deg var at alle rundt deg hadde det bra.
Haldis Moren Vesaas sitt fine dikt, kunne like gjerne vore skreve til deg.
" Dette å vera i livet, åpen for alt i kring,
bunden med sterke røter til menneske og til ting.
Gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenna deg rik."
Takk for gode stunder og fine minner som eg har fått delt med deg,
dei vil alltid vera med meg.
Kvil i fred kjære Kirsten, ingen har fortjent det bedre.
Siste helsing frå Margun.
Mine tankar og djupe medkjensle går til alle i den nære familien.
Kjære snille tante Kirsten. Vi var alltid velkommen og du ble så glad for besøk. Alltid smilende og bli og jeg elsket den kvitrende latteren din. Du var ei lita dame, men har satt store spor 💕 hvil i fred skjønne Kirsten
Takk for alt, kjære tante Kirsten. Minnene lever, og dei er det mange og gode av frå barndommen og seinare i vaksenlivet. Kvil i fred, tanto mi. 🕯️🌹❤️
Kvil i fred, tante
Fineste Momo 💗🐦 Tusen takk for de varmeste minner. ️
Kvil i fred
Far vel kjære mamma